mandag 28. mars 2011

Den beste eller mest slitsame tida i livet?

Sjå for deg ein gjeng ungdommar i ring rundt eit bål ei stille natt, med kvar si brune flaske i handa. Det er mørkt, og andleta deira blir berre lyst opp av bålet. Nokon klimprar på ein gitar, medan andre syng stilt med. Dei er slitne etter ein lang dag med sprell, men så utruleg glade for å ha kvarandre, for å få vere i lag. Den her stunda på stranda i lag, er ein av dei siste før gjengen skal splittas opp. Nokre få blir igjen, men dei fleste planlegg å dra av garde. Nokre skal inn i militæret, andre skal på forskjellige folkehøgskular, ei skal faktisk til Bali og resten fordeler seg rundt omkring i verda. Få kjem til å vere i lag i kvardagen vidare. Difor er denne stunda i lag så viktig. Dei skaffar seg minne dei skal ta med seg, og vennar for resten av livet.

Russetida er for mange ei av dei beste stundene i livet, ei tid då dei knyt band dei skal ha med seg i lange tider, om ikkje for livet. Men det er også ei tid der andre ting er viktige. Eksamenstida i tredje klasse på vidaregåande er kanskje den tida som har aller mest å seie med tanke på framtida. Eg tenker sjølvsagt på poenggrenser og krav til høgare utdanning. Jo visst arbeider ein for å skaffe seg gode karakterar gjennom alle tre åra, men eksamenstida og innspurten til den er tross alt den avgjerande avslutninga. I denne tida blir standpunktkarakterane i ei rekke fag, og alle eksamenskarakterane for tredjeåret avgjort. Det er med andre ord ein periode av stor verdi, i alle fall dersom du ønskjer å komme inn på eit studium med forholdsvis høge krav.

At russetid og skole helst ikkje vil gå hand i hand, er noko dei fleste er samde om. Russetida medfører ofte seine kveldar, for ikkje å snakke om netter, medan ein like før eksamen burde prioritere lesing og søvn. Likevel ligg russetida midt i innspurten til eksamenane. Det er eit reelt problem. I den siste månaden før eksamen bør fokuset liggje fullt på eksamen, ikkje på andre ting. Dei aller fleste, meg inkludert, ønskjer jo eit best mogleg resultat på skolen. Sjølv om vi kanskje trur det innimellom, er ikkje vi ungdommar overmenneskelege. Å balansere russetida med skolearbeidet er vanskeleg. Særleg når ein må velje om det er resultata på skolen eller tida med vennene som er viktigast.

Eg meiner det må komme ei endring når det gjeld russetid og eksamensperiode. Det bør ikkje vere slik at russetida går utover eksamenane, og heller ikkje omvendt. Eg meiner at å flytte eksamensperioden fram, og så ha russetida etterpå er ein god idé. Då kan ein møte opp utkvilt, konsentrere seg om det som skjer på skolen og ha overskot til å lese i tillegg. Då har ein fokus på eksamen, samtidig som ein har pensum friskt i minne. Etterpå kan ein kle seg i raude klede, feste og knytte band. Da får òg russetida meir den tydinga som opphavleg var tenkt; nemlig ei feiring av at ein er ferdig med vidaregåande skule.

Eksamensperioden slik den er lagt opp no, strekker seg over nesten ein heil månad. Det burde ikkje medføre særleg store utfordringar å korte ned den, slik at alle avgangselevane er ferdige eksamenane sine før 1. juni. Kvar elev skal tross alt berre opp i tre skriftlige og ein munnleg prøve, der den eine skriftlige er den same for alle. Det burde difor ikkje vere noko problem at dei låg forholdsvis tett, sia ein elev ikkje treng å forberede seg til alt for mange eksamenar om gongen.

Enkelte meiner at skoleåret blir for kort, og ønskjer framleis at eksamen skal leggjast til byrjinga av juni. Då meiner eg at vi må tenkje på den delen av skoleåret som forsvinn i russetida. For kor mykje utbytte har ein bakfull elev av skolen? Faktum er at dei ti skoledagane som russefeiringa tar opp i år, er ti dagar der skolearbeid overhovudet ikkje vil bli prioritert. I tillegg er det nokre dagar etterpå som mest sannsynlig vil bli brukt til å ta igjen det som trengs av søvn og kvile. Då er det vel betre å flytte eksamen ti dagar fram, slik at ein er ferdig med alle eksamenar til 1. juni? Ein frisk og rask elev arbeider mykje meir effektivt, og har truleg meir enn dobbelt så mykje utbytte av skoledagen sin, som ein sliten russ.

Dersom russefeiringa blir lagt etter eksamenstida, slepp ein ufokuserte og slappe russ i timane som skal brukast til å forberede seg til eksamen. Russen kan òg bruke sommarferien til å kvile ut etter feiringa, heller enn å komme søvnige på skolen i fleire dagar etter at feiringa er ferdig. For det er eit faktum at to veker feiring medfører ein temmelig sliten kropp.

Russefeiringa er siste hamn før vi skal reise vidare i livet. Dei fleste seglar kvar sin veg, og sjølv om nokre vil segle i same farvatn er det andre som ikkje vil treffas igjen på lange tider. Den siste tida i lag rundt bålet, under stjernene eller på stranda er viktig for oss. Vi treng gode minne i bagasjen når vi skal segle vidare, og vi treng vennar vi kan telegrafere undervegs, om vi skulle komme ut for vanskar. Den siste tida i lag bør difor vere prega av vennar og samvær, ikkje dårleg samvit for skolearbeid ein ikkje har gjort, og gru for eksamenar som skal komme.

Kommentar:
Eg har vald å byrje å byggje opp teksten med ei innleiing, kor eg appellerer til patos ved å beskrive ein vennegjeng og ei kjensle av samhald. Eg legg, i alle fall forholdsvis objektivt, fram problemet med at oppkjøringa til eksamen og russetida ligg i lag. Eg bruker fornuft (logos) når eg legger fram kor ulogisk det er at russetida ligg midt i oppkjøringa til eksamen. Det same gjeld når eg argumenterar for at det burde vere enkelt å flytte eksamensperioden. Hovudpåstanden min er at det er best å flytte eksamensperioden, og eg tilbakeviser argumentet med at skoleåret blir kortare. I avslutninga appellerar eg igjen til patos, og prøver å gjere mottakaren positiv til ei russefeiring utan skolestress.

Eg prøver å vise etos gjennom å vise til kor viktig samhald og vennskap er.

Eg har brukt metafor i avslutninga.

Vurdering:

Her oppsummerer du både oppbygging, argumentasjon og verkemiddel i samsvar med det lesaren ser i innlegget ditt. Det er ei god blanding av etos, logos og patos – den saklege tonen og vekta på at elevane skal ha mest muleg utbytte av skoledagane samt gjere det godt til eksamen, er med på å bygge opp etos. Innleiinga og avslutninga lagar ei fin ramme rundt teksten, appellerer til patos og sett lesaren i ei stemning som gjer ho/han mottakeleg for argumenta – ikkje minst den poetiske avslutninga J.

Du uttrykker deg klart, sakleg og balansert. Diverse formelle feil, men i hovudsak god kontroll over formverket. Sjekk verba nøye, hugs å skrive vere med e. Fleirtal av substantiv må òg stå på sjekklista.

Karakter: 5+

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar